Hybrid

Riksscenen

19. oktober - Kl 20.00

Ein eksplosiv motreaksjon, som fødtes ut av nødvendighet!

«Både hiphop og nynorsk har sprengt seg frem frå undertrykking og klassekamp og blitt livskraftige plattformer for flere stemmer! Ein katalysator for endring og utvikling!»

Mange ville nok tenkt at Hiphop og Nynorsk er eit usannsynleg møte!
Men det er altså det denne framsyninga har henta inspirasjon frå – eit nødvendig kræsj!

I «HYBRID» følgjer vi menneske som leitar.

Kvart tolkingsrom er som eit utstillingsvindauge inn i sjela og tankane deira.

Er du trygg i den sjølvvalde flokken din, eller følgjer du straumen?

«Ein pulserande flokk som spring av garde. Takt, takt, takt…. Fellesskap eller fare?»
(Oda Aunan, tekstforfattar)

 

 

”Hybrid” betyr mellom anna å vera «samansett av fleire element».
Kven tilhøyrer kva? Kva referansar har vi til felles? Kva skil oss?
I si mest negative form skaper dette konflikt og avstand.
I si mest positive form skaper dette nye verdsomspennande brubyggjande språk og kulturar!

Velkommen til ein eksplosiv, musikalsk, visuell totaloppleving, som inviterer publikum rett inn i kjernen av identitetskrigen vi alle står i.
Er det plass til fleire nyansar?
Kan vi sprenge oss plass som ein ”Hybrid” form?