Leahkit

Riksscenen

21. oktober - Kl 21.00

Leahkit er nordsamisk for ‘å vera til stades’, ein fysisk, mental og spirituell tilstand som har havna på gourmetdisken i ei tid der vi blir fora med ‘multi-tasking’.

Hansegård og Vassvik har dykka ned i sine respektive tradisjonar for transe i dans og musikk, som er stilna av fornorsking og kristning gjennom tidene. ‘Leahkit’ er eit sjeldent møte mellom norsk folkedans og joik. Verket utforskar ei reise mellom ulike måtar å vera til stades på.

Hallgrim Hansegård etablerte FRIKAR i 2006 for å gje folkedansen større kunstnarleg fridom. Verka hans er spelt i 30 land og utallige tv-kanalar og i 2013 fekk han sølvprisen under Prix Italia. Han har lært av dei gamle meistarane, pusta støvet av sjeldne skrifter og søkjer alltid etter ny kunnskap om mennesket og nye samarbeidsformer.

Torgeir Vassvik er ein av våre mest markante joikarar. Han representerer ein lang kontinuitet i formidlinga av den kystsamiske musikken og fornyar denne med ein lukkeleg kombinasjon av austlege og vestlege element.